I år fyller eg 25 år og ynskjer ei gåve til Gaza
Erik Kursetgjerde Hundeidvik Jubileumsgave

I år fyller eg 25 år og ynskjer ei gåve til Gaza

Det er 4 år sidan eg var på Vestbredden i Palestina, og fekk sjå lidelsane til det palestinske folket. Heilt sidan 1967 har Israel okkupert Vestbredda og Gazastripa, og ein ser framleis ei utvikling der meir land og ressursar blir fråteken den palestinske befolkninga til fordel for israelske busetjingar. På Gazastripa har innbyggjarane levcd under ei blokade i 11 år, som sørger for at dei blir isolert frå omverden og at økonomien blir øydelagd. På same tid veit vi at nesten halvparten av innbyggjarane i Palestina er under 18 år. Palestina har vore ein av hjartesakene mine sidan eg byrja å engasjere meg i politikken. I år fyller eg 25 år og ynskjer ei bursdagsgåve til Gaza. Norsk Folkehjelp er ein av organisasjonane som framleis er til stades i Gaza, og som gjer ein utruleg viktig innsats for befolkninga. Eit av dei prioriterte områda er blant anna palestinske kvinners rettar og vern mot vald, men og naudhjelpsprosjekt innan jordbruk/fiske og utdanning som ynskjer å bidra til at palestinarane så langt som det er mogleg kan sikre si eiga velferd under desse vanskelege forholda. Finansiell stønad og sosiale tiltak bidreg og til at ungdom og born kan vidareføre sin utdanning. Lokale partnerprosjekt sørger og for at jord fortsatt kan dyrkast og at fiskarane i Gaza kan oppretthalde si verksemd.

Innsamlet beløp:
Mål: 5 000 kr
Periode:
07.05.2018 08.06.2018

Aktivitet

Donasjoner:

Siste donasjoner

{{don.Amount | number:0}} kr
{{don.Name}}
{{don.Message}}
I år fyller eg 25 år og ynskjer ei gåve til Gaza
Erik Kursetgjerde
{{don.MessageAnswer}}
Der er ingen som har donert til denne innsamlingen ennå.
Your browser is out-of-date!

Update your browser to view this website correctly. Update my browser now

Close